Apell 1.mai
- ordførerkandidat Hege Merethe Gagnat
Trygghet i felleskap
Gratulerar med dagen!
Vi som er i rådhussalen i dag markerar Arbeidernes dag saman med arbeiderrørsla over heile verda. Arbeidernes dag har alltid hatt eit internasjonalt perspektiv, og gitt oss eit internasjonalt ansvar.
1.mai uttrykkjer draumen om ei verd i fred, om like mulegheiter for alle, og eit håp om at stengsla som skiljer menneske skal bli brutne ned.
Arbeiderrørsla ønskjer eit rettvist smfunn, at kravet om at fridom, demokrati og velferd skal gjelde for alle menneske. Det er ikkje like lett å halde fast på det fokuset når krig i Europa, fattigdom og liding i verda fyller TV-ruta, aviser og internett. Men vi kan ikkje lukke auga og øyrene for det som ikkje rammer oss direkte.
Difor håpar eg at vi alle saman kan gje ein skjerv til Norsk Folkeshjelps 1.mai-aksjon "På lag med folk i krig og kriser", til støtte for arbeidet deira i mellom anna Palestina, Syria, Ukraina og Colombia.
Vi står i ein situasjon der krigen i Ukraina berører oss meir enn det emosjonelle. Mangel på korn frå Europas kornkammer driv prisane opp på matvarer, og humgersnøden i verda aukar. Mangel på energi gir oss dyrare straum, og opplever renteauking for å halde prisstigning og inflasjon i sjakk.
Og midt opp i dette står kommune- og fylkestingsvalget for tur. Mi oppmoding er at alle brukar stemmeretten sin, og at valdetakinga blir vesentleg større enn sist. Kun 62% brukte stemmeretten sin i Molde kommune. Det kan vi ikkje vere bekjente av. For, det har betydning kven som styrer kommunen og fylkeskommunen, det har betydning for kva som blir prioritert.
Årets parole er "Trygghet i fellesskap". Det er i tider som vi no opplever at fellesskapet er som viktigst. Kvar for oss er vi åleine i ei utrygg verd og ein uforutsigbar kvardag. Di sterkare fellesskap vi skapar, di tryggare blir vi alle. Og det er dei med dei sterkaste ryggane som skal bære dei svakaste i samfunnet.
Eg har ei venninne som altfor tidleg blei ufør. Eg vil dele noko ho skreiv i går:"La dagen være en kamp for solidaritet, mangfold og felleskap. Du vet ikke hva du har, før du plutselig trenger det. Og selv om det kan kjennes som en kamp. Mye frustrasjon. Kan vi takke velferdsstaten og fagforeninger for mye vi tar for gitt. Du vet det ikke før du ligger med panna godt planter i asfalten. Uten skyld. Uten minne. Men tro meg, du vil være takknemmelig over at det er akkurat her, i Norge, du bor og har dette fellesskapet i ryggen. Selv om du kan føle deg alene, mistenkeliggjort, utenfor - så er dette sikkerhetsnettet der. I år går mine tanker til folket i Ukraina.Folk i Sudan. La oss være solidariske. Ha medfølelse. La oss verne om velferdsstaten. Sett pris på de godene vi har. Gratulerer med dagen"
Hege Merethe Gagnat