Jonas er #vårstatsminister

Uttale frå årsmøtet 18.februar

Molde Arbeiderparti registrerar at det er forsøk på å starte ein leiardebatt i Arbeiderpartiet. Jonas Gahr Støre fekk full støtte på Arbeiderpartiet sitt landsmøte i 2019, og han har framleis Molde Arbeiderparti si fulle støtte. Vi er trygge på at Jonas blir ein særs god statsminister når vi vinn valet hausten 2021. 

Jonas blir ein statsminister som set vanlege folk først, og som har evne til å styre landet framover. Under koronaen har Jonas sett fingeren på det som er viktig for arbeidsfolk. Han har gått i front for tilsette i hotell, reiseliv, uteliv og utsette bransjar som verftsindustrien under krisa. Arbeidsledigheita er gigantisk i mange bransjar. Han har kjempa fram auka dagpengesatsar, forlenga permitteringsordninga og pressa på for kompensasjonsordningar som kan redde arbeidsplassar. 

Få politikarar har reist så mykje rundt i Norge og besøkt så mange små og store verksemder som Jonas. Han har vore i Molde fleire gonger på bedriftsbesøk, hos politiet og har støtta det nye fellessjukehuset for Nordmøre og Romsdal på Hjelset. Vårt felles mål er eit trygt, seriøst og ryddig arbeidsliv. Arbeidslivet er ikkje noko LO og Arbeidarrørsla kan ordne uavhengig av fleirtalet på Stortinget. Vi treng regjeringsmakta for å lukkast! 

Molde Arbeidarparti stiller seg fullt og heilt bak programforslaget sine tre løfte til velgerane: 1. Vi skal sørge for trygt arbeid til alle. 2. Vi skal sørge for en sterkare velferdsstat der du er. 3. Vi skal føre ein rettferdig klimapolitikk som kuttar utslepp og skapar jobbar. 

Koronakrisa har sett oss alle på prøve. No skal fleire hundre tusen folk tilbake i arbeid. I Molde Arbeiderparti ser vi fram til valkampen for å bli det største partiet og byte ut blått med ei raudgrøn regjering leia av Jonas. Dei store oppgåvene løyser vi best saman. I dette arbeidet er Jonas vår leiar og statsministerkandidat.