Klar tale på Midsund!

Folk på Midsund kunne sette kryss på saker som var viktigst for dei

Kva meiner folket på Midsund er viktigast for Midsund?

Molde Arbeiderparti møtte denne veka fleire titals innbyggjarar på stand i Midsund sentrum for å samle innspel til partiet sitt nye program. Engasjementet var stort, og mange tok seg tid til å dele synspunkt på kva som er viktigast for framtida til Midsund.

Resultata viser at samferdsel er den klart viktigaste saka. Innbyggjarane peika særleg på Møreaksen, fastlandsforbindelse, ferjetilbod, busstilbod og trafikksikring. Ambulanseberedskap og akuttmedisinske tenester var den nest viktigaste saka. Mange understreka kor avgjerande tryggleik og beredskap er for eit øysamfunn. Vidare løfta fleire fram behovet for å sikre gode helse- og omsorgstenester, medan andre peika på næringsutvikling og fleire arbeidsplassar som viktige satsingsområde.

Eit interessant funn frå samtalane var at mange ikkje ser på Møreaksen berre som eit samferdselsprosjekt. Fleire meinte at betre kommunikasjonar er nøkkelen til både tilflytting, næringsutvikling og gode tenester i framtida.

Vi takkar alle som tok seg tid til å snakke med oss og dele innspel. Svara og refleksjonane frå Midsund blir med vidare i arbeidet med nytt program for Molde Arbeiderparti. 🌹

Ei grafisk framstilling viser at samferdsel og mobilitet var mest viktig, med 61 prosent. Nest størst var ambulansetjeneste med 21 prosent.